Äppelgården Luggerud - Nordmarken i Värmland - FRED  NEDRUSTNING  KLIMABALANSE HISTORIE ARKEOLOGI POMOLOGI

Ei framtid for elvdalsk
 
Øystein A. Vangsnes
Professor i nordisk språkvitskap, UiT
 
«Det nordiske sprog elvdalsk, som ingen har hørt om». I byrjinga av mai rydda den danske avisa Politiken plass på forsida si for eit nordisk mål snakka av om lag 2500 personar i Älvdalen i Dalarna 10-12 mil aust for Trysil, og ingressen i hovudartikkelen fortsette: «Beskyttet af et bjerg og en masse midtsvensk skov, har det lille sprog bevaret sine oldnordiske gloser, mens ordforrådet i de øvrige skandinaviske sprog er skiftet ud med plattysk.»
 
Bakgrunnen for artikkelen var at 3. konferansen om elvdalsk skulle finna stad ved Københavns Universitet, organisert av nederlandske Guus Kronen, danske Bjarne Sandgaard Hansen og israelske Yair Sapir, alle med stor interesse for målet. Dei to føregåande møta hadde begge vorte avvikla i Älvdalen (i 2005 og 2008), men no hadde dei tre københavnsbaserte språkforskarane henta det til Dronningens by, i det sjølvsame året som svenskeprinsen skulle gifta seg med ei kulla frå dalen nordvest om innsjøen Siljan.
 
Artikkelen i Politiken genererte mykje merksemd. I dagane før konferansen vart arrangørane nedringt av både innanlandske og utanlandske medium, og toppen vart nådd ved at BBC World Service sende eit innslag om «the ancient language of Elfdalian» ut til heile verda. Sentralt i mediemerksemda stod tre forhold: At det faktisk finst eit høvesvis ukjent og ganske annleis nordisk mål i djupet av dei svenske skogane, at målet ligg utsett til og står i fare for å døy ut og at språkforskarar er kjempeinteressert i det.
 
Men at ingen skulle ha høyrt om elvdalsk før, er å ta hardt i. Kanskje har nordiske dialektologar snakka for lågt om det opp igjennom tidene, men allereie i 1909 disputerte Lars Levander over avhandlinga Älvdalsmålet i Dalarna: ordböjning och syntax. Levander var student hjå dåtidas nestor i nordisk språkvitskap i Uppsala, Adolf Noreen, og det var han som hadde oppmoda Levander til å dra til grenda Åsen i Älvdalen og undersøka språket der.
 
Knapt 100 år seinare, i 2007, kom eg sjølv til Åsen og andre grender i älvdalsbygda: Blyberg, Brunnsberg, Klitten, Evertsberg, Loka, Vestäng. Og Kyrkbyn (sentrum), sjølvsagt. Saman med ei titals andre nordiske språkforskarar i det fellesnordiske prosjektet Nordisk dialektsyntaks var eg på eit vekelangt feltarbeid der vi undersøkte utvalde grammatiske emne i målet til elvdalingane.
 
Og elvdalsk er verkeleg spesielt og interessant. Det tilhøyrer ei gruppe talemål i Övre Dalarna som skil seg nemneverdig frå andre dalmål og andre svenske dialektar. Samla blir desse i svensk dialektologi kalla ovansiljanmål, altså «måla ovanfor Siljan».Det spesielle med måla er den særlege blandinga av gamle, og då til dels særs gamle, språkdrag og eigne nyutviklingar. Samtidig finn ein også ein god del språkendringar som er felles med andre talemål både i Sverige og Noreg og som ikkje alltid har nådd standardspråka.
 
Om vi byrjar med nokre «oldnordiske gloser», heiter ‘måne’ på elvdalsk tunggel (gno. tungl) og ‘nase’ nev (gno. nef), berre for å nemna noko. Og eit av dei verkeleg gamle språkdraga er dei tydingsskiljande nasalvokalane: Eit ord som kulla kan tyda ‘jenta’ eller ‘(ei) jente’ alt ettersom den utlydande a-en vert uttalt med luft ut gjennom nasen eller ikkje, og når ordet å i tydinga ‘på’ vert uttalt som fransk on, høyrer vi bokstaveleg tala eit avtrykk av den n-en som forsvann i synkopetida i dei nordiske språka, altså i overgangen mellom det urnordiske og det norrøne språksteget (jf. tysk an og engelsk on).
 
Elvdalsk har elles både kasusbøying av substantiv òg personbøying av verb. Restar av dativ finn vi i eit forholdsvis stort område av norske og svenske dialektar, men personbøying av verb er for lengst forsvunne frå andre skandinaviske mål. Rett finn vi personbøyinga berre i fleirtal i elvdalsk: I eintal er det same form i 1., 2. og 3. person, men i fleirtal blir det skilnad, og presens av til dømes verbet åvå ‘ha’ er i fleirtal wð amm, ið avið og dier åvå, altså ‘vi/de/dei har’. I eintal får ein ar over heile fjøla, ig ar, du ar og ann/å̢/eð ar. Dette systemet blir då ein mellomting mellom det islandske som framleis har full personbøying i eintal og fleirtal og til dømes hallingmål som kan ha eit skilje mellom eintal og fleirtal, men ikkje mellom person. Og elvdalsk blir ein kontrast til færøysk som har personbøying i eintal men ikkje i fleirtal.
 
Akkurat dette med verbbøyinga er ein viktig grunn til at elvdalsk også har vore ganske kjent i internasjonale krinsar. Utover på 1980-talet utvikla den amerikanske lingvisten Noam Chomsky og hans følgjarar den såkalla Prinsipp- og parameterteori, eller enkelt fortalt at grammatikken i språk er styrt dels av universelle språkreglar (prinsippa) og dels av meir opne reglar som må gis ei nærmare spesifisering (parametrane). Inspirert av dette lanserte språkforskarane Christer Platzack og Anders Holmberg den såkalla AGR-parameteren for nordiske språk der ei rekkje syntaktiske skilnader mellom islandsk og færøysk på den eine sida og dei skandinaviske språka på den andre vart knytte til den svært tydelege skilnaden at islandsk og færøysk har person- og talbøying på verb medan norsk, svensk og dansk ikkje har det.
 
Gitt at elvdalsk altså har like mykje bøying på verba som i alle fall færøysk, ville det då vera interessant å sjå kor haldbar AGR-parameteren som grammatisk hypotese ville vera i møte med dette nordiske målet. Det internasjonale samfunnet av teoretiske syntaktikarar hungra difor i lengre tid etter meir informasjon om elvdalsk, og i 2010 disputerte polakken Piotr Garbacz ved Lunds universitet over ei avhandling som viste at AGR-parameteren møter ein del utfordringar i elvdalsk. Og det gjer parameteren også i møte med empiri frå ein del andre nordiske dialektar. Og slik går vitskapen vidare med styrkte innsikter!
 
Hoppar vi no tilbake til døma som viser bøyinga av verbet åvå ‘ha’, vil sjølv dei meir moderat filologisk skulerte straks ha sett fleire ting. For det første at ein finn stungen d, altså ð, i elvdalsk, altså som uttalen av th i engelsk other. Dinest at vi finn dobbelt-v i elvdalsk: Første del av pronomenet wð blir faktisk uttalt som engelsk we, verbet ‘vera’ heiter wårå og substantivet ‘veke’ heiter wika. Slik «dobbelt-v-uttale» er eit gammalt germansk trekk som er borte i dei fleste nordiske dialektar, jamvel i islandsk, men ein finn det i ein del andre svenske mål også, mellom anna i Västerbotten. Og eit tredje forhold er at der svensk og norsk har ein h i framlyd i verbet ha(va) og pronomenet han, manglar elvdalsk denne, og det er eit gjennomgåande trekk ved målet: ‘hus’ heiter til dømes aus og det som i mange norske dialektar heiter hokken og liknande(altså ‘kven’), heiter på elvdalsk ukin.
 
Dei to første språkdraga går altså tilbake til ei gammal fellesnordisk tid medan det siste er ei nyutvikling. Bortfallet av h i framlyd, såkalla halvemål, er rett nok ikkje unikt for elvdalsk: Det kjenner ein også frå norske dialektar litt her og der, mellom anna fleire stader på Vestlandet. At elvdalsk slik er ei unik blanding av gamalt og nytt, av arkaismar og innovasjonar, er gjennomgåande i dei ulike nivåa av språket.
 
Fleire av særdraga i språket er på veg ut i dei yngre generasjonane. Det gjeld mellom anna nasalvokalane og kasusbøyinga. Lingvistisk sett er det like fullt liten tvil om at elvdalsk framleis kan reknast som eit eige språk. Avstanden mellom elvdalsk og svensk er mykje større enn mellom norsk og svensk, og elvdalsk er ikkje forståeleg for svenskar (og nordmenn) flest utan opplæring og trening. Elvdalingane sjølve skil då også skarpt mellom å swenska og å dalska: Det er aldri snakk om berre moderera elvdalsken i retning av svensk for å gjera seg forstått.
 
I mediebrisen rundt elvdalsk i mai 2015 var eit viktig poeng at det er få talarar att av elvdalsk og at målet ikkje blir sannkjent og støtta av svenske myndigheiter. Språkforskarar opptekne av språkdaude vil kunna fortelja at eit mål med 2500 talarar er eit stort språk i verdssamanheng: Om lag halvparten av verdas drygt 7000 språk har så få eller færre talarar, og i Sverige finn vi til dømes umesamisk med ca. 10 attverande talarar, pitesamisk med kanskje 30, medan sørsamisk i beste fall har ca. 600 talarar i Sverige og Noreg til saman.
 
Men elvdalsk er utsett likevel: Det er slett ikkje alle born i Älvdalen som veks opp med språket, og også elvdalsk har, som samisk, sin tapte generasjon av «forsvenska talarar». I 1984 vart foreininga Ulum Dalska (‘Lat oss snakka (elv)dalsk’) grunnlagt, og dei har sidan arbeida aktivt for å bevara og løfta fram elvdalsk, Med støtte frå utanforståande språkforskarar har dei bidrege til både ordbøker, ein fyldig grammatikk, utarbeiding av ein standardortografi og jamvel skjønnlitterære arbeid.
 
Trass den lingvistiske evidensen er den offisielle svenske haldninga framleis at elvdalsk er ein dialekt av svensk og ikkje eit minoritetsspråk. Dermed følgjer det heller ikkje noko ansvar frå deira side til å leggja til rette for at språket skal leva vidare. Men lokale politikarar tenkjer no annleis, og frå at ein for få tiår sidan unngjekk bruk av målet i barnehagar og skule, føreligg det no kommunale vedtak om å styrka elvdalsk. Og frå hausten 2015 startar den første barnehageavdelinga opp med eit gjennomført pedagogisk opplegg på elvdalsk.
 
Trass den manglande støtta frå sentrale styresmakter, bles det altså for tida ein positiv kulturell og språkleg vind gjennom Älvdalen. Det er ei verdifull kraft som gir von for framtida for elvdalsk og for talarane av språket.


Website Builder drives av  Vistaprint