Äppelgården Luggerud - Nordmarken i Vermland - FRED - NEDRUSTNING og KLIMABALANSE - DELE og GAVEKRETSLØP
Fellesnordisk manifest
 
Visjon: Ein uavhengig politisk, økonomisk og kulturell allianse basert på vår progressive historie, våre likskapar og vårt nære samarbeid.
 
Misjon: Å skape ein sjølvforsynt, berekraftig og rettvis nordisk region ved å fremja felles nordiske verdiar og skape ein felles økonomisk- og forsvarsunion som respekterer retten til lokal planlegging og sjølvråderett. Med dette vil vi gje eit betre alternativ enn EU og den globale frihandelskapitalismen.
 
Plattform
 
I.                   Kulturelt slektskap
 
Dei nordiske folka deler ein del kulturelle fellestrekk, som gjer eit slikt samarbeid lett:

Vi har felles historie, språk (bortsett frå finsk og samisk) og religiøs bakgrunn. Dessutan deler vi det som er blitt kalla «den nordiske modellen», som er kjenneteikna av
 
  1. eit forholdsvis egalitært samfunn, med relativt liten avstand mellom fattig og rik,
  2. blandingsøkonomi med stor offentleg sektor (omtrent 40-45 % av BNP),
  3. høge lønningar som følgje av sterke fagforeiningar i eit tre parts samarbeid ved lønnsforhandlingar, mellom arbeidsgivarane, lønnsmottakarane og styresmaktene. Arbeidarane er representerte i styringsråda.
  4. Høg arbeidsproduktivitet,
  5. gode velferdsordningar, med tryggingsnett for dei uheldige,
  6. samvirke- og samarbeidstradisjonar,
  7. høg tillit mellom folk, ein moderat og sivilisert tingingskultur, og
  8. relativt ukorrupt forvaltning.
 
Denne nordiske modellen har hittil vist seg overlegen alle andre moderne måtar å organisere samfunnet på, men åtaka frå EU-institusjonane og multinasjonale konsern har avdekka sårbarheita til denne modellen. For å trygge velferda til dei nordiske folka og til miljøet dei lever i, så må vi utvikle den nordiske modellen vidare på dei måtane som er vist nedafor.
 
II.                 Økonomiske prinsipp
 
Vi er overtydde om at årsaka til den djupe sosiale og økonomiske krisa i verda er den uhemma frie flyt-kapitalismen. Men reformer av kapitalismen vil ikkje løyse problema. Derfor lanserer vi prinsippa nedafor, som er ei form for blandingsøkonomi, men der hovudvekta ligg på kollektiv samfunnskontroll med økonomisk verksemd.

Tredelt næringsliv

1. Næringslivet er naturleg delt i tre sektorar: Offentleg eigd nøkkelindustri – det vil seie at stat, fylke eller kommune kontrollerer råvare-, vatn- og energiforsyning og dei viktigaste kommunikasjonane, med tilsette sitjande i styret. Nøkkelindustrien drivast etter ikkje-profitt, ikkje tap-prinsippet. Nøkkelindustrien har ein så viktig posisjon i samfunnet at han ikkje kan overlatast til særinteresser. Det har Vesten smerteleg fått røyne dei siste tiåra, for eksempel med jernbanen i Storbritannia og Sverige eller helsevesenet i Skottland.
2. Den mellomstore vidareforedlingsindustrien eigast kollektivt av dei tilsette, og dei utnemner styre. Dette inneber ei nedbygging av aksjemarknaden. Viss samvirka blir for store [for eksempel over 500 tilsette], kan det vera nødvendig å dele dei opp for å sikre indre solidaritet, oversikt og hindre framandgjering. Kooperativa får tenester lokalt av kooperative bankar.
   3. Ein levande privat sektor er viktig for velveret til eit samfunn, og det fremjar oppfinnsamheit og personleg initiativ. Mindre føretak, verkstader, butikkar, restaurantar og tenester kan vera familie-eigde. Det er dermed ikkje noko poeng å gjera livet surt for slike forretningsfolk, slik det har skjedd tidlegare i tradisjonelle sosialistiske samfunn. Dei er tvert imot ein ønska del av eit sunt næringsliv. Marknaden i denne sektoren er i prinsippet fri, der inngrep frå styresmaktene innskrenkar seg til vern av miljø og rettane til dei tilsette.

Grense på rikdom

   Vi må ha tak på eigedom og formue og maksimumslønn. Ei hovudårsak til den alvorlege gjeldskrisa i Vesten i dag er den enorme opphopinga av rikdom på få hender, og tilsvarande utarming av kjøpekraft hos under- og mellomklassane. 

Desentralisering
 
 Kapitalistar vil ha sentralisert produksjon i svære einingar grunna «stordriftsfordelar», og dermed mindre kostnad per produkt.

   Men, som mange har peikt på, det finst ein skare med eksterne kostnader, for samfunnet og individa, som ikkje førast inn i bøkene på rekneskapen til den einskilde bedrift.

   Døme på slike eksterne kostnader er både økonomiske, sosiale og psykologiske: forureiningar frå transport, slitasje på motorvegar, høgre kostnader på drivstoff pga høgre etterspurnad, uvissa ved ikkje å vera sjølvforsynt på basisvarer, urbanisering, - som driv opp bukostnader, gjeld og kriminalitet, trangbuheit og framandgjering, - og marginalisering av landsbygda.

   Konklusjonen blir: Samfunnsøkonomisk, sosialt og psykologisk gir desentralisert vekst mykje større føremoner.

   Derfor må økonomisk planlegging skje på det nedste nivået, av regionale råd, der basisvarene blir produserte. Er områda for små, kan dei alliere seg med naboregionar.

   Lokale samvirke vil forsyne lokal industri med råvarer, og lokale konsument-kooperativ vil handle frå desse lokale produsentane – både frå primærprodusentar og industri. Fungerer eit samvirke dårleg pga. slurv og sløvskap ut frå monopolstillinga si, så kan ein utsette det for konkurranse frå naboregionar. Men avgjerdene for slikt ligg suverent hjå det regionale rådet – ikkje på noko tilbodstvang eller dogmatisk marknadstenking.

   Desentralisert folkevekst er eit ideal, og vidareforedling skal skje nærast muleg råvarekjelda, f.eks. meieri, treforedling, fiskeforedling, sylting osv.
 
Landbruk og miljø
 
   Fråflyttinga frå bygdene er gått for langt. Ei av årsakene er eit usunt, ikkje berekraftig industrilandbruk i altfor store farmar som utkonkurrerer bønder over heile verda og driv dei mot byane som siste utveg.  Vi vil gjenskape eit sunt, etisk, lønnsamt og balansert landbruk, med strengt importvern av basisvarer som mjølk, grønsaker, korn og ull. I staden bør subsidiane vera minimale, slik at prisen viser dei sanne kostnadene, og bøndene planlegg produksjonen etter det folk verkeleg treng.

   Styresmaktene har vore hypnotisert av «stordriftsfordelar», sjølv om studiar over heile verda viser at små bønder er vel så produktive og handsamar jorda betre.

   Mange stader, truleg dei fleste, er det naturleg med samdrift og felles utmarksfjøs, og vi vil hjelpe fram slike kooperativ der det er fornuftig, men ikkje på kostnad av sysselsettinga i landbruket, som allereie er for låg.

   Så lenge vi har nok gras til fôr heime, så skal vi ikkje importere kraftfôr. Kraftfôret legg beslag på matjord og driv opp prisane i fattige land.

   Alt liv avheng av kvarandre, og vi må trygge velferda til dyr og planter. Mange av dei noverande årsakene til miljøproblema kan bli fjerna med desentralisert næringsliv og lokal planlegging. Tryggleiken og velferda til dyr og planter bør bli verna enda meir ved å garantere rettane deira i sjølve grunnlova.
 
Nordøk
 
   Utover fast definerte basisvarer og ein del halvessensielle basisvarer kan det herske frihandel, men det må vera strenge reglar for utførsel av kapital. Ein naturleg frihandelsregion er Norden, og vi vil blåse nytt liv i NORDØK, nordisk økonomisk union, som nesten vart verkeleggjort i 1970. Dette er heilt i tråd med ønska til dei nordiske folka, og næringane i Norden utfyller kvarandre på ein glimrande måte.

   For å verkeleggjera desse prinsippa må Norge og Island melde seg ut av EØS, og Sverige, Danmark og Finland ut av EU.
 
III.              Tryggingspolitikk
 
Våre nordiske nasjonar går saman i eit Nordisk forsvarsforbund, som blei føreslått av Sverige i 1948. Det inneber at Norge, Danmark og Island går ut av NATO. Viktigaste menneskerett er retten til eit verdig liv i fred.

   Norden må føre ein konsekvent fredspolitikk bygd på prinsippet om fredeleg sameksistens, forsvare prinsippa til folkeretten om sjølvråderett og ikkje-innblanding. Norden må arbeide for opprettinga av kollektive tryggingsordningar gjennom eit styrka FN som erstattar militæralliansar, og motarbeide NATOs nye aggressive militærstrategi.
 
IV.              Konklusjon
 
Måla med ein Nordisk Allianse er å fri våre land frå utbytting utanfrå og sameine kreftene våre til våre folks beste.

   Men brød og smør er ikkje nok. Vårt filosofiske grunnsyn er Neo-humanisme, som står for universell søskenskap mellom alle folk og nasjonar, som i humanismen, men i tillegg omfattar dyr og planter, som i djup-økologien. Men denne innsikta går vidare enn rein fornuft.

Økonomien må bygge på ein grundig analyse av mennesket og dets natur og behov, utover dei reint overflatiske, og vår djupaste natur er lengt etter mental glede, ro og realisering.
 
Edvard Mogstad,
Roar Bjønnes,
Ole Morten Lyng, Norge
 
Gerda Dufwa,
Håkan Schönberger, Sverige
 
Ingibjörg Karlsdóttir,
Einar T Ingimundarson,
Bergur þorgeirsson, Island
 
Ole Brekke,
Maria Fagerlund, Danmark
 
Antti Kivivalli,
Marko Ojala,
Pirkko Järvi, Finland

«Det regionale rådet» består av delegerte frå produsent- og forbrukarkooperativ, offentlege og private føretak, bønder og politisk administrasjon – kort sagt heile ervervslivet. Desse råda er kimen til eit økonomisk demokrati som involverer folk året rundt, ikkje berre kvart fjerde stemmeår.

(Ein proutist er tilhengjar av Prout, Progressive Utilization Theory, den sosiale teorien til den indiske filosofen P.R. Sarkar, red.)
Website Builder drives av  Vistaprint